Kleppeloen og omegn

13.02  Kleppeloen og omegn, Klepp

Årets første tur med turgruppa Høgt og Lågt gjekk til Kleppelunden og omegn. Liv Klepp kunne ønskja 46 turgåarar velkommen. Denne dagen var turleiaren Gaute Klepp, som hadde lagt opp til ein nærtur og bli kjent tur i området. Turen starta frå Klepp rådhus i 10.30 tida, med solskinn og eit par minusgrader.

Først gjekk vi opp til Kleppevarden, som er ein av mange store gravhaugar frå eldre bronsealder (1800-1000 f.Kr.). Den blei valgt til tusenårsstad i Klepp kommune. Det er utsyn over det meste av Jæren herifrå. Namnet Klepp kjem frå og av det norrøne Kleppr. Dette tyder klump, som truleg opphavleg vart brukt om høgda Kleppvarden. (Sjå Wikipedia). Det er lagt ut 52 heller som går mot varden, ein stein for kvart gardsbruk. Dei tre høge steinane på varden symboliserte ein stein for kvart av sokna i kommunen; Bore, Orre og Klepp.

Vi fortsette nedover til Klepp kyrkje, som blei bygt i 1846. Klepp folkehøgskule, som ligg like ved, vart starta opp av Søren Øvretveit ca.1900. Minnesmerket over lyrikaren Åse Marie Nese fekk vi også studera. Det står utanfor kyrkja. Nokre prøvesat  ”den varme steinen” i monumentet.

Vi gjekk vidare til Haugabakka skule, første skulehus i Klepp, bygt rundt 1853. Huset vart seinare heradshus i Klepp (1922-1933). I dag er det museum (1954) og vert dreve av Jærmuseet. Ved sida av står det eit folgehus, kalt ”Sandneskassen”. Det har vorte flytta hit frå austre Håland i 1986 og blei bygt i 1906.

Gaute Klepp førte oss vidare til ”Knickebein”, eit tysk navigasjonssystem frå 2. verdskrig. På staden kan ein i dag finna ein rund skinnegang på ei flat stykke grasplen. Her hadde vi god utsikt over ein stor del av Klepp og skipsleia forbi Revtangen. Turen fortsette nedover forbi Klepp gard, som ligg på sørsida av omkjøringsvegen. I gamle dagar, fram til ca.1884 låg prestegarden der. Lengre nede låg den nyare prestegarden, kor presten Sole, som var prest i 40 år i soknet budde. Begge presteboligane er nå revne. Vi gjekk vidare rett fram på ein smal asfaltert veg og etter ca. 500 m tok vi av til venstre på ein grusveg. Langs denne vegen var det eit verna kulturminne, telefonstoplar av stein. Dei er populært kalla ”Nesekjerringar” etter Oluf Nese.

På Friestad hadde vi og god utsikt. Der snudde vi og hadde matøkt i gardstunet til Enok Ølberg, etter 1 ½ time vandring. Etterpå gjekk vi ned på Nesevegen og tilbake over Stamsædgarden mot Skjelbrei. Skjelbrei kjøpte Sigurd Lode (Loden på Skjæret) i 1939 og slekta eig garden ennå. Skjelbrei var og i si tid husmannsplass under Klepp prestegard. Her tok vi av i eit lite skogholt på merka sti mot høgre. Vi gjekk oppover til Hålandsfjellet, der vi fekk flott utsikt i alle retningar. Gruppebiletet vart teke her.

Etterpå gjekk vi inn i Kleppelunden, eit tilrettelagt turområde med grusvei, grasplen, treningsapparat, scene og toalett. Langs vegen fekk vi sjå eit ulvagjerde, restar av ei innhengning av oppløa stein, som sauene vart jaga inn i. For 100 år sidan vart det nytta til sommarfjøs. Dette området høyrte til Lensmannsgarden. Vi fortsette mot venstre opp til ruggesteinen. På toppen låg det ein stor stein som det gjekk an å rugge på.

Til slutt fortsette vi til høgre forbi parkeringsplassen til Kleppelunden og vidare over tunnelopninga mot rådhuset. Løypa var på ca. 9 km og vi var tilbake ved startpunktet i 14.00 tida. Liv Klepp orienterte om neste tur som skal gå til Rege, Ølberg, Vigdel med retur same veg.

Tusen takk til Gaute Klepp for ein flott og innhaldsrik tur!

Referent Snefrid Frøvik